E-læringskurs om mat- og måltidsgleder
Det er utvikla eit e-læringskurs for å inspirera til auka mat- og måltidsglede hos eldre. Kurset kjem frå prosjektet "Matgledekorpset", men blir no òg tilbode til alle Inn på tunet-gardar som tek imot eldre.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 16.09.2021
Du kan lesa meir om kurset på nettsida til Matgledekorpset.
Som Inn på tunet-tilbyder med målgruppe eldre kan du få gratis tilgang til e-læringskurset. Kvar gard kan få inntil to lisensar. Send e-postadressa til matgledeskorpset@lmd.dep.no så vil de motta lisensar til kurset «Mat og måltidsglede» direkte.