Viktig informasjon om skogfondet for nytt år

Her kjem litt informasjon om skogfond på nyåret:

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.01.2021

Skogfondssystemet er no klart slik at de kan føra refusjonskrav i ØKS
• Dersom de ikkje får ført krav med tilskot må de venta med tilskots-sakene til vi har bytt rekneskapsår (etter 31.jan).

Virkesdata/forsending 2021-1 er klar for godkjenning i ØKS fredag 8. januar
• Vi ønsker at de godkjenner sendingane så fort som mogleg etter 8.jan. Vi får ikkje bytt rekneskapsår før alle kommunane har godkjent.
• ØKS -->Virkesdata -->Forsendelse --> Søk

Kontoutskriftene vil bli sendt elektronisk frå Altinn
• Den elektroniske utsendinga gjer Statsforvaltaren når årsoppgjeret er ferdig (siste frist 31. jan).
• Kontoutskrifter som IKKJE kan sendast til Altinn, skal sendast i posten. Statsforvaltaren kjem til å senda kommunane ei kryptert fil med dei kontoutskriftene som skal printast ut og sendast per brev. De vil få nærare beskjed når dette er klart. Kommunane skal altså ikkje senda ut kontoutskrifter sjølv frå ØKS, berre dei som de får tilsendt frå oss.
• Det er formålstenleg å registrera e-post til flest mogleg føretak (ikkje enkeltpersonar) i ØKS. Oppdater e-postadresse på sidan for kontovedlikehald i ØKS. (Vedlikehold -->Finn konto --> Rediger)

Kontovedlikehald
• Kontovedlikehald må vera på plass før utsending av kontoutskrifter. ØKS --> vedlikehald --> Skogfondskonto --> Søk
• Ta kontakt med Inger eller Miriam dersom de treng hjelp til å endra eigedom eller anna.

Viktig informasjon finst her
• Statsforvaltaren har ei nettside som heiter «For kommunal landbruksforvalting». Her blir alt av viktig informasjon lagt ut. De får påminning om desse nyheitene kvar eller annakvar veke, og det er viktig at de følgjer med på sidan.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar