ØKS - Virkesdata/forsending 2020-1
Virkesdata/ forsending 2020-1 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning.
Publisert 07.01.2020
Kommunane skal kontrollere at beløpa er korrekte, og i samsvar med §§ 5-10 i Forskrift om skogfond o.a. nr. 881.
Innkomne beløp på skogfondskonto for eigedomar under 10 daa (stort sett s-konto 9899), skal utbetalast med ein gong, jfr. § 13 i Forskrift om skogfond o.a.
Avvik som kommunen sjølv ikkje kan korrigere i ØKS, skal meldast tilbake til Fylkesmannen snarast mogeleg.
Kommunane må godkjenne denne ekspederinga så fort dei kan!
Viktig for forsendelse 2020-1:
- Alle leverandørar som ikkje lét seg knyte til ein skogfondskonto, er blitt knytt til kontoen for eigedomar under 10 dekar. Sjekk desse kontiane nøye.
Om ekstra innbetaling for 2019: Frist for å registrere ekstra innbetaling av skogfond for 2019 er 6. februar 2020 (men det vil bli bokført på rekneskapsår 2020). |