NMSK skogkultur - utvida frist for føring

For å prøve å få ut mest mogleg av NMSK-midlane i år, tøyer vi kommunane sin frist for å handsame søknadar om tilskot til skogkultur til 9. desember. Det vert absolutt siste frist, før Landbruksdirektoratet stenger tilskotssystemet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.12.2021

Det står framleis meir enn 1,3 millionar kroner ubrukt av NMSK-midlane til skogkultur i 2021. Kommunane hadde frist 3. desember for føring av tilskotssaker i ØKS. Vi ønskjer å bruke opp mest mogleg av tildelte midlar for 2021, og vi veit at det vert gjennomført mykje ungskogpleie i fylket vårt i desse dagar.

Om kommunen bruker opp den tildelte ramma med NMSK-midlar, kan de søkje Statsforvaltaren om ekstratildeling. De må i slike tilfelle ikkje føre saker i ØKS før de har fått innvilga tilleggsløyve frå oss.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.