Klimatiltak i skog 2023

Tilskotsordningane for klimatiltak i skog vert vidareført i 2023, med ei endring i tilskotssatsane. Legg merke til at tilskotssatsen for suppleringsplanting er auka til 40 % av godkjent kostnad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.02.2023

Tilskotssatsar for klimatiltak i skog 2023

Gjødsling av skog:                          50 %

Tettare planting ved nyplanting:  60 %

Suppleringsplanting:                     40 %

Tilskot vert rekna ut frå dokumenterte og godkjende kostnadar. Tilskot vert gitt frå sentral ramme. Satsane er fastsett på grunnlag av tildelt ramme og forventa aktivitet på landsbasis. Om søknadsmengda vert større enn tildelinga, kan satsane verte reduserte.

 

Søknadsfristar 2023

Gjødsling av skog:                      15. september

Tettare planting ved nyplanting:      1. september og 25. november

Suppleringsplanting:                      1. september og 25. november

 

Forvalting av ordningane

Kommunane forvaltar og fattar vedtak i ordningane etter reglane i NMSK-forskrifta. Faglege råd, føresetnadar og vilkår for tilskota er ikkje endra frå tidlegare år. Det er krav om kartfesting for alle klimatiltaka.

Merk at søknadar som gjeld tiltak utførte i 2022 ikkje kan tildelast tilskot i 2023.

Gjødsling av skog

Tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak gjeld tilføring av kalkhaldig nitrogengjødsel til skog. Areala som vert gjødsla må kartfestast i digitalt kart. Det er ei rekke kriterium som vert sett til arealet som kan få tilskot, om mellom anna vegetasjonstype, treslagssamansetning, bonitet, tettleik og hogstklasse. Dessutan vert det stilt ei rekke miljøkrav. Les meir om gjødsling av skog på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Tettare planting ved nyplanting

Tilskot kan gjevast for inntil 50 planter pr. dekar utover eit fastsett minimumstal avhengig av bonitet. Det er eigne tabellar for minimum plantetal på areal kor det er markberedt. Sjå tabellane og les meir om tettere planting på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Suppleringsplanting

Suppleringsplanting er viktig for å få opp forynging med tilfredsstillande tettleik, slik at produksjonspotensialet til skogsamarka vert utnytta. Kommunane bør oppmode skogeigarar til å kontrollere foryngingsflatene sine dei fyrste tre åra etter planting. Det er krav til eit minimum plantetal etter suppleringsplanting, avhengig av bonitet. Sjå tabell og les meir om suppleringsplanting på Landbruksdirektoratet sine nettsider.