Foryngingskontroll i skogbruket 2020 - kommunalt ansvar

Vi syner til brevet frå Landbruksdirektoratet om foryngingkontroll i skogbruket 2020 som ligg ved. Kommunane har ansvar for kontroll av forynging etter hogst, jf. §§ 6 og 20 i skogbrukslova. Forskrift om berekraftig skogbruk § 15 første og andre ledd gjeld og kommunane sitt ansvar i slike saker.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.04.2020

Det er oversikt i fagsystemet ØKS over dei 228 skogeigarane i fylket som skal bli kontrollerte.


Saker som ikkje blei ferdige tidlegare år, må dei aktuelle kommunane jobbe vidare med og prøve å få avslutta.

Vi vil ta hand om kommune- og fylkeskommunale skogar og ev. saker der kommunane er ugilde. Vi ber dykk ta kontakt i slike tilfelle.


Landbruksdirektoratet skriv at om kommunen sin kontroll er mangelfull, bør det bli vurdert om det skal få konsekvensar for tildeling av økonomiske verkemiddel på skogområdet.


Fristar 2020:

  • 1. mai: Eigenmeldingsskjema sendt til skogeigarane (der kommunen ikkje kjenner saka)
  • 1. juni: Registrering av svar i ØKS og ev. purring til skogeigarar som ikkje har svart
  • 31. desember: Ajour så langt som mogleg

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.