Viktig informasjon - godkjenning av Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket

Det er innført ny funksjonalitet i fagsystemet eStil PT for å sikra at den som fattar vedtak har budsjettdisponeringsmynde, og at vedtak blir godkjent av ein annan enn den som har behandla søknaden. Det er ikkje lenger teknisk mogleg at endeleg godkjenning blir gjort av same person som har sett søknaden til førebels godkjent. 

Publisert 07.05.2021, Sist endret 07.05.2021

"Kapittel 7 Vedtak og utbetalingar i rundskriv 2021-6 Produksjonstilskudd og avløysartilskot – forvaltningsansvar og saksbehandling" er oppdatert med omtale av dette og kva krav som blir stilte til den som gjer den endelege godkjenninga av søknader. I tillegg er det endra omgrepsbruk i fagsystemet, frå «attestering» til «endeleg godkjenning», og rundskrivet er oppdatert i tråd med dette.

Den som skal gjera den endelege godkjenninga av søknaden (fatta vedtak) må, i tillegg til å ha skrivetilgang til eStil PT (PT_SB), ha rolla PT_VEDTAK.

Kommunane må gjera følgjande:

  • Gi brukaradministrator hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark (Miriam Himberg) skriftleg beskjed om kven som skal få tilgang til å godkjenne vedtak og samstundes
  • bekrefte at den tilsette har budsjettdisponeringsmynde for produksjons- og avløysartilskot.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.