Kurs i verdivurdering av landbrukseigedom

Etter oppfordring frå fleire kommunar, inviterar vi til kurs i verdivurdering av landbrukseigedom.

Publisert 25.09.2020

Kurset vert gjennomføra digitalt med bruk av teams dagane 22. oktober (kl. 12.00-15.00) og 28.oktober (kl. 09.00-12.00).

Vi har hyra inn Jostein Vasseljen som føredragshaldar. Vasseljen jobbar til dagleg som seniorrådgjevar i Nibio i Trondheim knyt til divisjon for kart og statistikk, driftsøkonomisk analyse. Samstundes driver han privat eit enkeltmannsføretak innan taksering. Vasseljen har tidlegare halde tilsvarande kurs om verdivurdering av landbrukseiegdom for Fylkesmannen i Trøndelag. Der gav dei kurset og foredragshaldar svært gode tilbakemeldingar. Vi er derfor glade for at han takka ja til å halde eit slikt kurs for oss i Vestfold og Telemark.

Kurset er delt på to dagar sidan vi skal bruke teams. Dag 1 har særleg fokus på lovverk, verdivurdering av areal og verdivurdering av andre rettigheiter. På dag 2 er det fokus på bygningar og ulike problemstillingar knyt til verdivurderingar. Vi har også fått inn nokre konkrete problemstillingar frå kommunane som vil bli omtala i kurset.

Vi oppfordrar dere til å vere med på begge kursdagane for å få ei god og samlande innføring i temaet.

Program og påmelding på denne siden.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.