Rask utbetaling av tilskot ved produksjonssvikt
Dei som treng utbetaling før jul, må få saka si prehandsama og sendt over til oss med det same.
Publisert 28.11.2024
I 26 av søknadane om tilskot ved produksjonssvikt for 2024 var det kryssa av for at søkjaren trengte forskot på tilskotsutbetalinga. 14.11.2024 sendte me oversyn til dei einskilde kommunane om kven det gjeld.
Me kan godkjenne forskot på søknadar som er fullstendige, men som manglar endelege tal for 2024-avlinga. Søknadar som har endelege tal for 2024-avlinga, slutthandsamar me.
Agros er stengd for utbetalingar frå og med onsdag 11. desember til og med måndag 6. januar. Me treng litt på å handsama søknadane hjå oss. Søkjarar som treng utbetaling før jul, må få søknaden sin presakshandsama og sendt over til oss med det same.