PT-prat

Tysdag 22.10.2024 gjennomførte me ein PT-prat på Teams. Me takkar dei som deltok for refleksjonar som vart delte og gode tips til arbeidskvardagen.

Publisert 24.10.2024, Sist endra 31.10.2024

Me kjem til å halde fram med å invitere kommunane til ein times PT-prat på Teams annankvar uke gjennom PT-sakshandsamingsseongen. Målet er at me ved å dele erfaringar og reflektere saman skal ende opp som enda meir opplyste og kompetente sakshandsamarar.

Ramma for kvar PT-prat verte:

  • Kommunane fortel om stoda hjå seg, fortel kva dei er opptekne med, deler tips, stiller spørsmål m.v.
  • Om det vert tid: diskusjon rundt tema me har vorte einige om og som statsforvaltaren har førebudd
  • Om det vert tid: aktuelle casar
  • Me vert einige om tema for neste PT-prat

Planlagde PT-pratar fram til jul:

  • 6. november
  • 19. november
  • 04. desember
  • 17. desember

Planlagde tema er vanleg jordbruksproduksjon, avvik og avkorting.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.