Produksjonstilskot – nytt i eStil PT
Fagsystemet for produksjonstilskot, eStil PT, vert stadig utvikla og forbetra, ofte etter innspel frå kommunar og statsforvaltarar. Sei i frå om du ser behov for eller har gode idéar til endringar. Nytt i oktober 2021 er:
Publisert 11.11.2021
Dette er gjort av omsyn til personvernet:
- Sakshandsamar kan berre hente ut avviksrapport frå eigen kommune
- Statsforvaltaren kan berre hente ut avviksrapport frå eige fylke
- Sakshandsamar kan berre søke opp saker som vert handsama i eigen kommune
- Statsforvaltaren kan berre søke opp saker som vert handsama i eige fylke
Andre endringar:
- Når sakshandsamar trykker knappen ‘Foreløpig godkjent’, kjem dialogboks med stadfesting til syne før ein kjem til søknadsoversikten
- Det er retta ein feil i rapporten ‘Vanlig jordbruksproduksjon på frukt og grønt’.
- Rapport over ‘Kontrollerte foretak’ viser no òg foretak der sakshandsamar berre har registrert dato og kommentar i kontrollskjema.
- Øvst i alle rapportane ligg no lenke til rapportskildringane.
- Dialogboksen som kjem til syne etter søk i Husdyrregisteret kan flyttast i skjermbiletet
- Når det er registrert avkorting, og sakshandsamar trykker på knappen ‘Se beregningsgrunnlag’ i seksjonen ‘Behandling’, kjem det fram ein tabell som syner korleis avkortinga er utrekna
- Føretak kan laste opp vedlegg etter at søknaden er levert, og søknadsfristen har gått ut
Kontaktpersoner
-
Mona Skjæggestad
Tlf: 33 37 23 12 -
Mona Olsrød
Tlf: 33 37 23 64