Oppdaterte tal på produksjonssvikt
353 meldingar om mogleg produksjonssvikt er registrerte i Agros. Det er oppretta 12 søknadar i Elf.
Kommune |
Tal meldingar |
Drangedal |
1 |
Fyresdal |
12 |
Færder |
15 |
Hjartdal |
9 |
Holmestrand |
33 |
Horten |
13 |
Kragerø |
2 |
Kviteseid |
5 |
Larvik |
38 |
Midt-Telemark |
27 |
Nissedal |
1 |
Nome |
7 |
Notodden |
23 |
Sandefjord |
45 |
Seljord |
5 |
Siljan |
3 |
Skien |
11 |
Tinn |
4 |
Tokke |
11 |
Tønsberg |
81 |
Vinje |
7 |
Totalsum |
353 |
Talet på meldingar har auka voldsomt siste veka. At det nye meldesystemet har vorte betre kjent, kan vere ein medverkande årsak til det store talet på nye meldingar.
Garbrukarar me ha vore i kontakt med, melder at dei har funne meldesystemet greitt å bruke. Det kan likevel vere nokon som treng rettleiing.
At det er så tidlig i sesongen, gjev grunn til å tru at søknadane somer registrerte i Elf, i røynda er meit som meldingar om mogleg produksjonssvikt. Kommunen bør opne søknadane i 'Se på'-modus. Dersom det ser ut til å dreie seg om ei melding, bør søkjaren oppmodast til å melde via lenka som ligg på nettsida til landbruksdirektoratet. Og kommunen må slette søknaden i Elf. Dersom kommunen ikkje får til å slette søknaden i Elf, kan den sendast til everdien.vanweeghel@statsforvalteren.no , som tek seg av handteringa vidare.