Kommunane skal til ei kvar tid ha klinisk veterinærvakt for alle dyr

I Dyrehelsepersonellova, § 3 a heiter det: «Kommunene skal sørge for tilfredsstillende tilgang på tjenester fra dyrehelsepersonell. Kommunene har ansvar for å organisere en klinisk veterinærvakt utenom ordinær arbeidstid.»

Publisert 17.08.2022

Landbruksdirektoratet har presisert at kravet om veterinærvakt gjeld alle dyr, inkludert tenester for kjæledyr og hest, og til ei kvar tid. 14. juni siterte Sandefjord Blad ordføraren i Sandefjord på at kommunane ikkje lenger har ansvar for å ha et veterinærtilbod for kjæledyr etter ordinær arbeidstid. Denne fråsegna er med andre ord ikkje korrekt. 

Førebels presiserer ikkje lovverket kva dyreeigarane skal vente av veterinærordninga. Det gir kommunane eit visst handlingsrom. Heile ordninga, inkludert tilskot til veterinærdekning, skal vurderast, sjå nettnyheit på Regjeringas nettside.