Invitasjon til webinar om grønsak- og potetproduksjon som tilleggsnæring i fjellet

Fjellnettverket og Nasjonalt senter for fjellandbruk inviterer til webinar om mogelegheiter for grønsak- og potetdyrking i fjellet. 

Publisert 15.08.2024

Til webinaret har me invitert gode foredragshaldarar som vil gje deg inspirasjon, svar på spørsmål og tips og råd til korleis du kan drive produksjon av grønsaker og potet i fjellet. I tillegg får du lære meir om jordhelse og kva det eigentleg handlar om. 

Webinaret rettar seg mot dei som vil drive grønsak-og potetproduksjon som tilleggsnæring i fjellet. 

Håpar du kan formidle dette vidare i ditt nettverk. 

 

Dato: 26. august 2024

Tidspunkt: 12.00 – 14.00

Webinaret er gratis og du melder deg på ved å gå inn på påmeldingslenka: Lenke til påmelding



Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar