Innspurt på produksjonssvikt 2023

Det går fort mot sommar. Me ynsker å få unna søknadane frå 2023 før me tek ferie.

Publisert 13.06.2024

Søknadar som kjem til oss i ferien eller rett før ferien, kan få lengre sakshandsamingstid enn det som er vanleg. De vert difor oppmoda om å presakshandsame så snart som råd.

Det ligg no i kommunane att 87 søknadar om tilskot ved produksjonssvikt frå 2023; 49 i Agros + 38 i Elf.

Sjølv om me ber om ei rask handsaming, ynsker me at de førebur søknadane tilstrekkeleg godt til at me kan handsams dei. Å måtte gå tilbake og hente manglande informasjon sinkar sakshandsaminga.

Nokre av sakene i Elf er feilsende. Men dei må også takast hand om. Legg i tilfelle inn ei kort melding og frarå at søknaden vert innvilga.

I Agros-saker der det er vanskeleg å skaffe fram dokumentasjon, og der det ser ut til å ikkje verte grunnlag for tilskot, kan gjerne søknaden trekjast. Søkjaren ordnar det sjølv via Altinn.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar