Informasjon om Areal ute av drift

Her kjem ei oppdatering om prosjektet Areal ute av drift. 

Publisert 23.08.2021
  • Vi ser med glede på alle kommunane som har registrerte areal sidan sist. Fleire kommunar har kome langt, medan nokre framleis er i byrjinga. Vi ynskjer at vi får med alle kommunane. Og som vi sa; sett ein plan på korleis dykk vil registrere og gå i gong etter ei prioritering. Målet er å få mest mogleg kunnskap om areal ute av drift og kunne målrette innsatsen med rett verktøy.

 

  • Vi vil gjere ei førebels analyse av registreringane og dele med dykk når denne er klar i midten av september. Det er derfor viktig at dykk registrerer så mykje som mogleg nå i august og innan medio september slik at vi får så mykje kunnskap som mogleg for vidare vurderingar av verktøy og oppfølging gjennom hausten.

 

  • Dato 26. august vart lagt inn som er førebels møtedato for felles samling. Denne datoen skyver vi på, og ny dato kjem. Det gir dykk meir tid til å registrere. Vi har og fått mykje respons utanfrå med ynskje om dialog og foredrag. Vi meiner det er viktig for satsinga å være med i slike samanhengar då innspel til prosjektet og formidling er viktig del av satsinga. Det gjeld dykk alle; snakk om og deltek i temaet og få innspel til prosjektet!

 

  • Vi går nå over i fase 2 av prosjektet denne hausten. Det vil seie at Fase 1 med rigging, oppstart og metode er gjennomført og dykk er i gong med registreringa. Vi har nytta sumaren til mykje formidling, der dykk kan høyre og sjå innslag i mellom anna NRK radio og Tv. Det er og gjennomført eit refotoarbeid av NIBIO som del av prosjektet Landskap i endring, v/NIBIO for Øvre Telemark. I fase 2 vil vi nå fokusere på kva for areal som kjem fram i registreringane og gå djupare ned. Målet er nå å jobbe vidare med eigna verktøy ut i frå registreringane som dykk gjer. Her vil vi rigge regionsvise teamsmøte med dykk slik som i vår, men av kortare varigheit og med tema «verktøy-oppfølging». Med erfaring frå sist trur vi mindre møte er ein god måte å få gode diskusjonar med dykk alle på.

 

  • Når det gjeld kartapplikasjonen er det nå mogleg å slå på Nibio-data frå søknadsår 2020. Ein kan nå nytte Nibio sine kartlag både for 2018, 2019 og 2020 for å samanlikne areal. Her kan ein til dømes sjå at enkelte areal var ute av drift i 2019, men i drift både i 2018 og 2020. Dette kan gje ein peikepinn på status for arealet og vurdering av om arealet verkeleg er heilt ute av drift.

 

  • Vi har ikkje oppdatert dei grå punkta (klasse X, ikkje vurdert), desse knytar seg framleis saman med 2019 data. Det er mogleg å leggje til eit ekstra punkt dersom det er nye areal i 2020 data som ikkje låg i 2019 data, men merk at vi ikkje krevjar dette. For å legge til nye punkt, trykk på eit av symbola under «rediger» og trykk så i kartet på ynskja stad.

Hugs å ta kontakt om dykk treng hjelp eller anna i prosjektet!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.