Endringsfrist i PT
Fram til 29.10 kan søkarane endra opplysningane i PT-søknaden.
Publisert 18.10.2023
Søkarar som vert merksame på at dei har gjeve feil opplysningar i søknad om PT, kan endra opplysningane innan fristen for endring 29.10.
Det er mindre arbeidskrevjande for kommunen om søkaren sjølv loggar inn og rettar opp feilopplysningar. Om kommunen endrar opplysningane i ein søknad, må endringa grunngjevast. I ein del høve må det og vurderast avkorting.