Endringar i tilskot ved produksjonssvikt

Tilskot ved produksjonssvikt var eit av punkta i jordbruksavtala. Nokre endringar trer i kraft i 2022.

Publisert 16.06.2022

For 2022-sesongen gjeld:

  • Alle berekningssatsane vert auka med 15 %
  • Taket på tilskotet i vekstgruppene frukt, bær, poteter og grønsaker vert auka til 1,5 millionar per bruk
  • Følgjeskader etter vinterfrost i frukttre kan gje grunnlag for tilskot i meir enn to år

Frå 2023 vil det verte fleire endringar i ordninga. Mellom anna vil det verte ein gjennomgang av alle satsane, og det vil kome meir presise føringar knyta til klimaprosenten i grovfôr på bruk med husdyr.

Kontaktpersonar