Endringar i Agros – tilskot til drenering av jordbruksjord
Nytt fritekstfelt, meir utfyllande rettleiingstekst og ny standardtekst.
Nytt fritekstfelt for særskilte vilkår i Agros, som vert fletta inn i vedtaksbrevet
Under vedtaksfana finn sakshandsamar eit nytt fritekstfelt, Særskilde vilkår. Når det er trong for det, kan sakshandsamar her nemne krav som vert stilt til rapportering og rekneskap, tid for når tiltak skal utførast og andre vilkår for tilskotet. Har kulturminneforvaltninga eller miljøforvaltninga stilt krav, skal dei nemnast her.
Meir utfyllande rettleiingstekst i Agros og ny standardtekst om nedkorting i vedtaksbrevet
Nedkorting har feilaktig vore brukt til å redusere tilskotet. Rettleiingsteksten under feltet Avkorting under berekningsfana presiserer no at sakshandsamar ikkje kan korte ned tilskotet med mindre det er heimla i forskrifta. Annan reduksjon i tilskotet kan skje ved å redusere tal dekar eller meter.
Sakshandsamar skal skrive kvifor tilskotet er nedkorta i fritekstfeltet Begrunnelse, under vedtaksfana.
I vedtaksbrevet under samandraget i saker med avkorting kjem teksten; Innvilga tilskot er avkorta med x kroner i medhald med § 10 i forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord.