Endra sanksjonering i AK-ordninga ved brot på krav om vegetasjonssone
Ordlyden i § 4, fjerde ledd, i Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket er endra.
No heiter det: «Tilskuddet skal avkortes dersom jordbruksarealet ikke har vegetasjonssone på minst to meter mot vassdrag med årssikker vannføring, målt horisontalt fra vassdragets normalvannstand. Vegetasjonssonen kan ikke jordarbeides.»
Normen for storleiken på avkortinga er 20 000 kr + 1 000 kr per meter der kravet til to meter vegetasjonssone ikkje er fylt. Fordi kravet til vegetasjonssone er absolutt, skal det ein del til for å fråvike normen. Normen er likevel berre eit utgangspunkt. Mellom anna graden av skyld skal takast med i vurderinga.
Siste utgåve av Produksjonstilskudd og avløsertilskudd - kommentarer til regelverk er kalla Rundskriv 2021-47.
Kontaktpersoner
-
Mona Skjæggestad
Tlf: 33 37 23 12 -
Mona Olsrød
Tlf: 33 37 23 64