Erfaringskonferanse om tiltak for å heve kompetansen innan lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet
- Dato:
- 25. november 2021 10:00 - 15:00
- Stad:
- Digital konferanse, eventuelt Oslo universitetssykehus dersom smittesituasjonen tillet det
- Arrangør:
- Regional kompetansetjeneste for lindrende behandling i Helse Sør-Øst, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
- Målgruppe:
- prosjektleiarar, leiarar og andre aktuelle aktørar. Kommunar som ønsker å søka middel i 2022 er òg velkommen til å delta
I samarbeid med Regional kompetanseteneste for lindrande behandling i Helse Sør-Øst og Statsforvaltaren i Oslo og Viken inviterer vi til erfaringskonferanse for kommunar som har fått tildelt prosjektmiddel i 2021.
Målet med konferansen er å ha dialog om tilskotsordninga og om prosjektarbeid. Vi vil òg presentera erfaringar frå nokre prosjekt.
Målgruppe for konferansen er prosjektleiarar, leiarar og andre aktuelle aktørar. Kommunar som ønsker å søka middel i 2022 er òg velkommen til å delta.
I 2021er det 35 prosjekt fordelte på 31 kommunar i regionen som har fått tilskotsmiddel.
Tidspunkt: Torsdag 25. november 2021, kl. 10:00-15:00, digitalt. Dersom smittesituasjonen tillèt det vil vi ta sikte på fysisk oppmøte, stad Oslo universitetssjukehus.
Følgjande tema er avklarte til årets program:
- Nytt frå fagfeltet palliasjon
- Statsforvalteren informerer om årets søknader, tildelingar og søknadene for neste år
- 3 kommunar presenterer prosjekta sine
Påmelding: Konferansen har inga deltakaravgift, endeleg program vil bli lagt ut på konferansens eiga nettside etter sommaren. Her kan du og melda deg på. Du finn lenkje til nettsida i boksen "Lenker".
Påmeldingsfrist 15. oktober 2021.
Oversyn over kommunar som har fått tilskot i 2021 finnar du her.