Digitale bustadkonferansar i sør

Dato:
8. september 2021 - 29. september 2021
Stad:
Webinar på Teams
Arrangør:
Husbanken i samarbeid med Statsforvaltaren i Agder og i Vestfold og Telemark
Målgruppe:
Innholdet er tilpassa leiarar og tilsette som jobbar med bustadsosialt arbeid, kommunalt planarbeid, sosialt arbeid, Nav, skule og barnehage, skulehelsetenesten, barnverntenesten, flyktningetenesten, frivillige og brukarorganisasjonar.

Tema dette året er den nye strategien for sosial bustadpolitikk «Alle treng ein trygg heim». 

Publisert 02.07.2021, Oppdatert 01.09.2021

Kva skal til for at vi saman skal nå dette målet? Vi inviterer deg til fire fagwebinar i løpet av september 2021.

Formål
Du vil få innsikt i den nasjonale strategien for den sosiale bustadpolitikken "Alle treng ein trygg heim" og dessutan ny kunnskap og erfaringsdeling på tvers av fagområde.

Det blir innlegg frå Statsforvalteren, Husbanken, direktorat, forskings- og kompetansemiljø og fleire kommunar som har erfaring med bustadarbeid.

Program

Onsdag 8. september: Alle treng eit trygt heim – nasjonal strategi for den sosiale bustadpolitikken

Onsdag 15. september: Bustadsosiale omsyn i plan

Onsdag 22. september: Utsette barnefamiliar

Onsdag 29. september: Psykisk helse og rus - sårbare overgangar frå institusjon til bustad i kommunen.

Program for dei ulike webinardagane finn du i boksen "Dokumenter". Les meir og meld deg på på Husbanken sin nettside

Webinarene er gratis, påmeldingsfrist er dagen før kvart webinar kl 09.00