Søknad om mudring og dumping i Gvarvelva i Midt-Telemark kommune

Høyringsfrist:
14. januar 2022

Gvarv Båtforening søker om å mudre i Gvarvelva mellom Gvarv brygge og Øytangen i Norsjø og å dumpe massane på marebakken.

Publisert 10.12.2021

På vegne av Gvarv Båtforening søkte Terraplan AS den 26.08.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre 6 450 m2 sjøbotn med eit masseuttak på 6 000 m3. Mudringa skal utførast i to områder i Gvarvelva mellom Gvarv brygge og Øytangen i Norsjø, gbnr. 176/1, 194/4, 178/7, 178/1, 178/4, 177/37, 177/2, 174/6, 169/3 og170/1 i Midt-Telemark kommune. Mudring vart sist gjennomført i same område i 2008.

Formålet med å mudre er å oppnå tilfredsstillande seglingsdjupn i båtleia mellom Gvarv Brygge og Norsjø. Det er ynskeleg å auke djupna på staden frå 0,6 - 1 meter til 1,5 meter. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå lekter. Det er søkt om å dumpe massane frå splittlekter på marebakken utanfor mudringsområdet. Arbeidet er planlagt gjennomført når elva er roleg, og utan flaum og stor straum. Søker har vurdert at det ikkje er egna å bruke siltgardin og at det heller ikkje er behov for det.

Sjøbotnen i tiltaksområdet har vore analysert for miljøgifter ved tre stasjonar, der to stasjonar er innanfor dei aktuelle mudringsareala og ein stasjon er innanfor dumpeområdet. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse I (svært god) ved alle stasjonar med unntak av TBT i tilstandsklasse II (god) ved mudreområdet oppe i elva, jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at det eit området for mudring og området for dumping ligg innanfor Årnesbukta naturreservat, men det er ikkje registrert utvalde naturtypar.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan merkast 2021/8596 og sendast innan 14.01.2022 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

 

Høyringsfrist:
14. januar 2022

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding