Frivillig vern av skog - Verneplan for 11 områder

Høyringsfrist:
1. april 2022
Sauås og Suggeås -  I den sørøstvendte lia er det en del eik.   Foto: Maria K. Hertzberg
Sauås og Suggeås - I den sørøstvendte lia er det en del eik. Foto: Maria K. Hertzberg

Statsforvaltaren sender med dette ut høyring på 11 nye naturreservat.

Publisert 28.01.2022

Føremålet med høyringa er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av dei planlagde verneforslaga.

Vi ber høyringsinstansane spesielt om opplysningar om kulturminne, eldre gruver/gruveopningar, hytter, stølar, seterbuer, jaktbuer, stigar, hestesleper, traktorvegar og anna som bør vere kjend i verneområda. Grunneigarar må vurdere om dei ønsker ryddesone rundt hytter/buer der desse ligg innafor vernesona. Ryddesona utgjer normalt 2-4 daa. Ryddesona vert lagt inn i forskrifta.

Høyringa omfattar følgjande område:

  • Grønlifjellet, Drangedal kommune
  • Sannesnåsa, Drangedal kommune
  • Hovdestøyl og Songedalsnuten, Fyresdal kommune
  • Tårånli, Kviteseid kommune
  • Gongefjell, Nome kommune
  • Svarteputt, Nome kommune
  • Sauås og Suggås, Nome kommune
  • Meheia og Tiurleikåsen, Nome kommune
  • Husefjell, Nome kommune
  • Bjønneholun, Seljord kommune
  • Hønsegjuvet, Seljord kommune

Lenker til høyringsdokument for det einskilde område, samt tilhøyrande kart med forslag til vernegrenser ligg i menyen til høgre.

Dokumenta kan og lastas ned frå OneDrive.

 

Frist for uttale til høyringa er 1. april 2022.

Uttaler kan sendast til vårt postmottak: sfvtpost@statsforvalteren.no.

Vis til saksnummer 2021/10342.

 

Tårånli.  Svartsonekjuke på mosegrodd granlåg.  Foto: Maria K. Hertzberg
Tårånli. Svartsonekjuke på mosegrodd granlåg. Foto: Maria K. Hertzberg