Søknad om tiltak i sjø på Sandøya i Porsgrunn kommune

Høyringsfrist:
2. desember 2021

Porsgrunn kommune søker om å fylle ut, mudre (inkl. sprenge) og pele for å etablere nytt ferjeleie på Sandøya i Porsgrunn kommune.

Publisert 04.11.2021

Porsgrunn kommune søkte 13.07.2021om løyve etter forureiningsregelverket til å fylle ut inntil 200 m2 sjøbotn med inntil 600 m3 masse, til å mudre (inkl. sprenge) inntil 500 m2 sjøbotn med eit masseuttak på inntil 400 m3 og til peling som rører eit areal på inntil 600 m2. Tiltaket skal utførast ved Sandøya ferjekai, gbnr. 33/314 i Porsgrunn kommune.

Formålet med å fylle ut er å utvide eksisterande molo mot vest, samt å etablere snuplass i indre del av ny kai. For utfylling skal det nyttast reine steinmassar og eventuelt nokke reine grus-, sand- og/eller lausmassar. Formålet med å sprenge er å sikre tilstrekkeleg seglingsdjupn ved ferjekaia. Steinmassar frå sprenging skal leverast til godkjent mottak. Formålet med å pele er å støtte ferjeleiet i ytterkant. Pelearbeidet vil generere boreslam som er planlagt samla på land. Ved behov vil boreslam gjennomgå avvatning og vatnet vil bli sloppe tilbake i sjø. Boreslam skal leverast til godkjent mottak. Det er foreslått å gjennomføre turbiditetsovervaking under tiltaket. Bruk av siltgardin er vurdert som lite egna på grunn av ferjetrafikk og lystbåttrafikk.

Sjøbotnen i og ved tiltaksområdet er blitt analysert for miljøgifter i overflatesediment (0-10 cm) ved tre stasjonar og djupare sediment ved ein stasjon. Resultata viser konsentrasjonar av ein rekke miljøgifter tilsvarande inntil tilstandsklasse IV (dårleg), jf. klassifiseringssystem for sediment
(M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at utfyllinga det er søkt om vil røre den viktige naturtypen «bløtbunnsområde i strandsonen» registrert som lokalt viktig (verdikode C). Ei undersøking gjennomført i 2020 har påvist stor bestand av den raudlista arten vanlig sandskjell i området. Det tilseie at verdien av området skal vurderast opp til viktig (verdikode B).

 

Eventuelle merknader til søknaden kan merkast 2021/7312 og sendast innan 02.12.2021 til: 

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no 

 

Høyringsfrist:
2. desember 2021

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding