Søknad om løyve etter forureiningslova for etablering av ny E18 Rugtvedt-Langangen
- Høyringsfrist:
- 3. september 2021
Nye Veier har søkt om utsleppsløyve etter forureiningslova for utbygging av E18 Rugtvedt-Langangen parsell 1 og 3. Oppstart av anleggsarbeid er planlagt hausten 2021 og anleggsperioden er forventa å vare i 4 år.
Søknaden omfattar utslepp av anleggsvatn i samband med bygging av bruer, tunellar og arbeid i dagsona, samt avrenning frå rigg- og deponiområder.
Resipientane for utsleppa er Kokkersvollbekken, Kjøyabekken, Ønna, Langangsfjorden og Frierfjorden. Det er søkt om utslepp av vatn med mellom anna nitrogen, partiklar og økt pH frå anleggsarbeida.
Det er gjort undersøking av vatnmiljø, og det er planlagt overvaking av utslepp og resipientar.
Lenke til søknaden ligg i menyen til høgre.
Eventuelle merknader til søknaden kan innan 3.9.2021 sendast til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no.
- Høyringsfrist:
- 3. september 2021
Dokument
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding