Søknad om utfylling, Sveivihylen i Vinje kommune

Høyringsfrist:
27. august 2021

Statens vegvesen søker om løyve til å fylle ut i Sveivihylen i Vinje kommune for å utbetre E134.

Publisert 08.07.2021

Statens vegvesen søkte 25.06.2020 om løyve etter forureiningsregelverket til å fylle ut 20 000 m3 sprengstein i et område på 6 750 m2 sjøbotn. Utfyllinga skal utførast i Sveivihylen, gbnr. 99/6 i Vinje kommune.

Formålet med å fylle ut er å utbetre ei vegstrekning på E134 for å auke trafikktryggleiken. Arbeidet skal utførast frå land. Søker opplyser at de vil nytte siltgardin og måle turbiditet under arbeida. 7

Sjøbotnen i tiltaksområdet er blitt analysert for miljøgifter ved 3 stasjonar. Resultata viser at ein stasjon har konsentrasjonar av tungmetall tilsvarande tilstandsklasse III (moderat), dei andre har konsentrasjonar i tilstandsklasse II (god), jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.

Eventuelle merknader til søknaden kan merkast 2021/6625 og  innan 27.08.2021 sendast til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no