Eiga handbok for Leve heile livet

Få ein kort innføring i reforma og korleis Leve heile livet kan følgjast opp i kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.09.2021

Leve heile livet skal gjennomførast i kommunane. For å lette arbeidet, og inspirere flest mogleg kommunar til å følje opp reforma, er det laga ei Leve heile livet-handbok.

Leve heile livet i kommunane - steg for steg

Det blir lagt opp til lokale prosessar for planlegging og gjennomføring av Leve heile livet. Mange kommunar jobbar allereie systematisk og godt med dette. I handboka finst ein enkel vegvisar for gjennomføring av Leve heile livet lokalt.

Reforma har fem innsatsområde:

  1. Eit aldersvennleg Noreg
  2. Aktivitet og fellesskap
  3. Mat og måltid
  4. Helsehjelp
  5. Samanheng i tenestene

Ressursar som kan vere til hjelp i arbeidet med Leve heile livet:

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.