17,9 millionar til barn, unge og vaksne med psykiske plager og rusproblem
Dei fleste kommunane i Vestfold og Telemark søkte og fekk innvilga tilskot trass kort søknadsfrist. Sjå oversikt over fordelinga i artikkelen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi har valt å gje tilskot til konkrete tiltak som kan settast i gong raskt og som kan auke kommunane sin kapasitet i tenesten på kort sikt. Eksemplar på tiltak kommunane har søkt om tilskot til er auka bemanning, utvida opningstider, styrking av førebyggande tiltak og tidleg innsats, oppsøkande arbeid og kompetansetiltak.
Nær halvparten av kommunane fekk det dei søkte om eller nært opp til.
Pengane blei løyvd i revidert nasjonalbudsjett for 2021. Det blei vedteke at kommunane i landet skulle få 150 millionar kroner i ekstra tilskot.
Sjå og regelverket for tilskotsordninga.