Korleis har endringane i tenestetilbodet virka på pasientar, brukarar og pårørande under pandemien?

Koronapandemien har påverka tenestetilbodet til mange brukargrupper. Statens helsetilsyn har difor laga ei brukarundersøking der dei ønskte å klargjere endringar i tenestene under pandemien og konsekvensar endringar har hatt for brukarar og helsa til pasientar og deira livskvalitet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.12.2020

Undersøkinga er gjort i samarbeid med Brukerrådet.

Rapporten beskriv resultat og vurderingar frå undersøkinga:

  • Over halvparten av dei som svarte på spørjeundersøkinga har opplevd å få mindre tenester enn før pandemien. Om lag ein tredel svarte og at helsa vart dårlegare, medan nesten halvparten svarte at livskvaliteten vart dårlegare.
  • Blant dei som sa dei hadde fått mindre tenester, svarte 60 prosent at tilgangen på tenester framleis var dårlegare eller langt dårlegare enn før pandemien. Dei vart spurt om dette i september. 
  • Nærare 70 prosent av dei som har svart på spørjeundersøkinga, er sårbare. Det er brukarar som har omfattande bistand store delar av døgret, og brukarar som har samansette tenester.
  • Når vi samanliknar dei som er sårbare med resten, ser vi at det er større delar som har opplevd at tenestene fall heilt bort eller at dei fekk mindre eller mykje mindre tenester under pandemien.
  • Nær halvparten av dei som er sårbare, svarer i september at dei hadde dårlegare eller langt dårlegare tilgang på tenester enn før pandemien.
  • Ein stor del av dei pårørande har gitt langt meir bistand under pandemien.
  • Flesteparten av dei som har fått mindre tenester, svarer at dei i liten eller svært liten grad fekk medverke når tenestetilbodet vart endra. Dei ville òg hatt meir informasjon.

Statens helsetilsyn meiner at resultata gir grunn til bekymring for korleis situasjonen er for nokon av dei mest sårbare brukarane.

Les rapporten i sin heilheit på Statens helsetilsyn sin nettstad

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner