Klage på vedtak om individuell tilrettelegging i skulen

Statsforvaltaren handsamar klager på vedtak om individuell tilrettelegging. Vi handsamar også klager på gjennomføring av vedtak om individuell tilrettelegging.

Publisert 18.11.2024

Ny opplæringslov tredde i kraft den 1. august 2024. Etter ny lov er omgrepet «spesialundervisning» bytta ut med «individuell tilrettelegging». Du kan klage på vedtak om individuell tilrettelegging. Eit vedtak om individuell tilrettelegging kan gi rettar til personleg assistanse, fysiske tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel, og individuelt tilrettelagt opplæring.

Du kan også klage dersom du meiner at eleven ikkje får det som han eller ho har krav på etter vedtaket.

Klagen skal sendast til den som har gjort enkeltvedtaket. Det kan vere skulen, kommunen eller fylkeskommunen. Klageretten gjeld for elevar og foreldre. I klagen skriv du kort om kva du klagar på og kvifor. Dersom du ikkje får medhald i klagen, skal saka sendast til Statsforvaltaren utan ugrunna opphald. Det er kommunen/fylkeskommunen eller skulen si oppgåve å sende saka til Statsforvaltaren, og legge ved all relevant dokumentasjon. Statsforvaltaren er klageinstans og vi skal gjere endeleg vedtak i saka.

Dersom du har generelle spørsmål om regelverket, kan du kontakte oss på telefon, eller skriftleg via sikker melding på nettsida vår.

For meir informasjon om saksgongen for individuell tilrettelegging, kan du lese rettleiaran på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.