Alle elever har rett til et trygt og godt skolemiljø

Oppvekstavdelingen, direktør Kari Evensen. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Oppvekstavdelingen, direktør Kari Evensen. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Eit nytt skuleår har nettopp byrja, og utdanningsdirektør Kari Evensen ønskjer å retta merksemda rundt skolemiljøet til elevane. Å skape eit trygt og godt skolemiljø for kvar enkel elev er ei sentral oppgåve for skoleeigar, skoleleiarar og alle som arbeider på skolen. 

Publisert 02.09.2024

Trygt og godt

Trygt handlar om at elevane ikkje skal kome til skade og oppleve at skolen er ein trygg plass å vere. Elevane skal vere trygge på at alle som arbeider på skolen følgjer med og tar tak dersom noko skjer. I tillegg må arbeidet rette seg mot elevane sin rett til å ha det godt. Då handlar det om trivsel, kjensle av å vere inkludert og oppleving av å vere meiningsfull for fellesskapet. Samla sett må skolane ha ei vid tilnærming til eleven sin rett til eit trygt og godt skolemiljø. Det krev eit kontinuerleg arbeid, der sosial læring gjennom arbeid med fagklasseleiing og aktivitetsplikta er viktige komponentar.

Melde ifrå til Statsforvaltaren

Skolen si aktivitetsplikt inneber at skulen skal følge med på elevane sitt skolemiljø, og gripe inn og stoppe krenkingar. Dersom ein som arbeider på skulen har mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal hen melde ifrå til rektor. Då skal skolen undersøke saka og sette inn tiltak. Tiltaka skal skriftleggjerast i ein aktivitetsplan. Dersom eleven eller føresette opplever at skolen ikkje gjer nok, kan dei melde ifrå til Statsforvaltaren når det har gått fem dagar etter at dei tok opp saka med rektor. Ein melder ifrå på nettsidene våre.

Ressursar i arbeidet

Utdanningsdirektoratet har oppdatert sine ressurssider om skolemiljø og rundskrivet i samband med innføringa av ny opplæringslov. Kompetansepakkane vil bli oppdaterte i løpet av hausten.

Med ønske om ein god skolestart for alle!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.