Videregående kurs i økonomisk rådgivning

Dato:
29. april 2025 - 30. april 2025
Sted:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
Målgruppe:
Økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav
Påmeldingsfrist:
25. april 2025 16:00

Kurset er for Nav-tilsette som skal kunne gi individuell økonomisk rettleiing på eit høgare nivå, uavhengig av om dei er kommunalt eller statleg tilsett. 

Publisert 20.12.2024

Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvalteren i Trøndelag held felles kurs for fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Kurset er klokka 09.30 - 13.30 begge dagar, med lunsjpause klokka 11.15 - 11.45. Vi sender ut innkalling til Teams-møtet seinast klokka 16.00 dagen før kurset til dei som har meldt seg på.

Første dagen skal handle om eigarforhold, tvangsinndriving, kreditor sikrar kravet sitt, pant, kausjon og andre sikringsmåter.  

Andre dagen skal vi snakke om utanrettsleg gjeldsordning og rettsleg gjeldsordning.

Påmelding

Du melder deg på via påmeldingsskjema for å kunne delta. Ved å melde deg på samtykker du til at namn og e-postadresse kan vere synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Påmeldingsskjema

Fylke
Dato:
29. april 2025 - 30. april 2025
Sted:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
Målgruppe:
Økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav
Påmeldingsfrist:
25. april 2025 16:00