Logo for fylkesmannen i møre og romsdal

kommunereforma

NYHENDE NR. 3 – AUGUST 2015

«Kommunepolitikere over hele landet er i gang med å diskutere nye kommuner. Det gir oss en gyllen anledning til å utvikle lokaldemokratiet. I dag presenterer vi en samling gode eksempler, verktøy og metoder, som skal inspirere kommunene til å forbedre lokaldemokratiet, sier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.»

LOKALDEMOKRATI

Ny rettleiar og debatthefte om lokaldemokratiet er no publisert og kan nyttast i arbeidet med å bygge nye kommunar.

hendingar i og utanfor fylket

Prosjektet “Regionkommune Sunnmøre” har kome med sin sluttrapport og anbefalingar for arbeidet vidare. Deltakande kommunar er: Ulstein, Hareid, Sula, Ålesund, Skodje, Haram, Sandøy, Ørskog, Stordal, Norddal, Giske, Stranda og Sykkylven. Rapporten finn du her.

cid:image002.png@01D0E0BE.EAFC3670

Kva skjer i Gloppen kommune og nabokommunane? Siste nytt om utviklinga av kommunereforma i Sunnfjord.

KVA HENDER FRAMOVER

Fylkesmannen ynskjer at kommunane inviterer til møte/samtalar når dei vurderer behov for det - slike møte vil bli prioritert.

Fylkesmannen inviterer seg også ut til kommunar, eller inviterer kommunar til møte framover hausten – dette vurdert ut i frå kva utfordringar vi ser den einskilde kommune står ovanfor.

Prosjektleiarar i regionråda for kommunereforma og prosjektansvarlege hjå fylkesmannen skal ha møte 3. september. Fylkesmannen inviterer kontaktpersonar for kommunereforma til samling i Molde 30. september. I forkant av kontaktpersonsamlinga ønsker fylkesmannen innspel frå TENKETANKEN sine medlemmer på arbeidet framover den 29. september.

 

FYLKESMANNEN
HAR ORDET

Fylkesmannen følger utviklinga med kommunereforma i Møre og Romsdal tett. Det er stor aktivitet, og ein av dei nyaste hendingane er sluttrapporten frå Regionkommune Sunnmøre, felles møte mellom kommunane i Romsdal regionråd for planlegging av å starta opp eit felles forhandlingsutval, og i dag felles formannsskapsmøte mellom kommunane på Nordmøre.

 

Fylkesmannen ser behov for at kommunane samordnar seg i det vidare arbeidet. Denne planlegginga er i full gang i og mellom kommunane. For å letta dette arbeidet vil fylkesmannen utarbeide eit forslag til milepælsplan for kommunane fram til 1. juli 2016. Milepælsplana vil bli utarbeida i samarbeid med kontaktpersonane for kommunereforma. Samstundes vil fylkesmannen laga forslag til ein mal for det endelege vedtaket, og gje nokon råd om forhandlingsutval, intensjonsavtalar og møteorganisering ved forhandlingar.

 

No når kommunane snart er i mål med å innhenta fakta og kunnskap om sin kommune er det viktig at dette vurderast i eit framtidsperspektiv ut i frå:

 

·        Strukturar: Kva slags kommune vil eg bo i  framover? Kva betyr ein kommune for meg - mangfald av arbeidsplassar, kulturtilbod, fritidsaktivitetar osv.? Korleis støtte både distrikt og bysentrum i ein og same kommune?

·        Økonomi: Korleis få til bærekraft i min framtidige kommune? Korleis sikra at eg får eit godt tenestetilbod i eks. skule og helse- og omsorg?

·        Samfunnsutvikling: Korleis skape ein robust og attraktiv kommune? Korleis skape nye arbeidsplassar, kulturtilbod og varierte næringar?

·        Lokaldemokrati: Korleis vil du at skal lokaldemokratiet skal formast framover i vårt moderne samfunn? Korleis ynskjer du å involvera deg i utviklinga av lokalsamfunnet der du bur?

 

No er kommunane midt oppe i spennande valtider, og dei nye politikarane vil heilt sikkert få ein interessant og spanande valperiode framfor seg!

Godt val!

cid:image001.png@01D0E0B3.E49A2720

 

Stopp abonnement

Dersom du ikkje lenger ønsker å vere mottakar av vårt «Nyhende» kan du
stoppe ditt abonnement her.

Fylkeshuset, 6404 MOLDE - Telefon: 71 25 84 00 - Telefaks: 71 25 81 00 - E-post: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no