Vi treng fleire faste verjer!

Etter lov om verjemål skal vaksne personar som ikkje er i stand til å ta vare på eigne interesser, ha verje. Grunnen kan vere psykisk utviklingshemming, rusmiddelmisbruk, spilleavhengigheit, alvorleg svekka helse eller psykiske lidingar. Fylkesmannen i Rogaland ønskjer difor å kome i kontakt med personar som vil ta på seg ei slik oppgåve. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.01.2013

Etter verjemålslova skal det i kvart fylke vere fleire faste verjer for å sikre at interessene til personar under verjemål blir tatt hand om på ein god og profesjonell måte. Ein vil som oftast vere verje for fleire personar og ein kan få godtgjort inntil kr. 10.000,- i året for kvar person ein er verje for. 

Her er behovet størst

Fylkesmannen har no over 50 verjer i det faste verjekorpset, og dei er vi svært glade for, men vi treng fleire. Spesielt er behovet stort i Stavanger-regionen (Stavanger, Sandnes, Sola), men også i Strand og Hjelmeland er det behov for personar som kan tenkje seg å gjere ein innsats som verje.

Ein kan vere verje både på det økonomiske og det personlege området. Det vil kunne handle om å sjå til at den ein er verje for får dei tenestene han eller ho har krav på for å kunne ha eit godt liv. Men det vil óg kunne handle om å utføre daglege økonomiske gjeremål på vegne av den ein er verje for. Det vil ikkje vere snakk om reine omsorgsoppgåver. Det skal andre instansar ta seg av. Oppgåvene vil normalt utgjere inntil tre timar pr. månad for kvar person du er verje for.

Råd og opplæring

Fylkesmannen har som oppgåve å gi verjene hjelp gjennom opplæring, rådgiving og rettleiing. Vi ønskjer å skape eit godt miljø for dei som er faste verjer i Rogaland, og ingen skal kjenne seg aleine med oppgåvene.

For å kunne vere verje må du vere over 18 år og ikkje sjølv vere under verjemål. Du må også ha god vandel og må leggje fram politiattest. Det som vi vil leggje vekt på, er om du er flink til å handtere utfordringar, har kjennskap til offentlege instansar, er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og ikkje minst likar å gjere ein innsats for andre.

Informasjon og kontakt

Dersom du er interessert i verv som fast verje eller bare ønskjer meir informasjon, kan du kontakte:

Anne Beth Hovland, tlf. 51 56 88 87.

Du kan også sjå Vergemålsportalen med nettadresse:  www.vergemal.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar