Stor pågang av saker til verjemål

Stor saksmengd har ført til lang behandlingstid. Vi  prøver å bøta på dette ved å setja inn meir ressursar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.09.2013

Fylkesmannen tok over verjemålsfeltet frå overformynderia i kommunane 1. juli 2013. Mange tek kontakt med oss på telefon, og tala på nye saker er høgt. Så langt har vi motteke om lag 900 saker. I tillegg har det vore ein del innkøyringsproblem med det nasjonale saksbehandlarsystemet. Dette gjer at saksbehandlingstida kan kome opp i tre månader for nokre sakskategoriar. Vi prioriterer det som hastar mest, men talet på hastesaker er også stort. Vi er leie for ulempene dette skaper for brukarane våre. Fylkesmannen har no sett inn ekstra ressursar for å bøta på situasjonen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar