Informasjon til verjer om godtgjersle (honorar) og dekning av utgifter
Verjer har som hovudregel krav på godtgjersle og dekning av nødvendige utgifter knytt til utføring av verjeoppdraget. Unntak gjeld for nærståande som i utgangspunktet kan ha berre krav på dekning av nødvendige utgifter.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Etter den nye verjemålslova har verjer som hovudregel krav på godtgjersle og dekning av nødvendige utgifter knytt til utføring av verjeoppdraget. Unntak gjeld for nærståande verjer (foreldre, born, ektefelle/sambuar). Som nærståande vil du i utgangspunktet berre ha krav på dekning av nødvendige utgifter. Men dersom det ligg føre særlege grunnar sett i forhold til omfanget og varigheita av verjeoppdraget, kan Fylkesmannen etter søknad godkjenne godtgjersle også til nærståande.
Departementet har i forskrift bestemt faste satsar for godtgjersle etter kva slags type verje du er (fast eller alminneleg verje), og kva mandatet går ut på. For verjeoppdrag som omfattar både økonomiske og personlege forhold, er det fastsett ein årleg skattefri sats på kr 4 000 for alminnelege verjer og ein årleg skattepliktig sats på kr 10 000 for faste verjer. Oversikt over alle satsane finn du på Verjemålsportalen, www.vergemal.no.
Dersom du meiner at den faste årlege satsen ikkje er tilstrekkeleg i forhold til dei oppgåvene du utfører og omfanget av verjeoppdraget, kan du søkje om godtgjering per time. Timesatsen for alminnelege verjer er sett til kr 200 og til kr 400 for faste verjer.
Den sentrale verjemålsmyndigheita har bestemt ein fast årleg sats på kr 1 000 for dekning av nødvendige utgifter du har som verje. Om du i samband med verjeoppdraget har utlegg som i vesentleg grad overstig den faste satsen, kan du søkje Fylkesmannen om dekning av desse utgiftene.
Godtgjersle og dekning av utgifter skal i utgangspunktet betalast av den som har verje. Verje hentar pengane frå konto tilhøyrande person med verje etter at søknad om godtgjersle og utgiftsdekning er godkjend av Fylkesmannen. Fylkesmannen skal berre betale dersom personen med verje har ei inntekt som er lik eller lågare enn minstepensjonen etter folketrygdlova og ei formue som er under kr 50 000.