Verjemålsoppgåvene til Fylkesmannen
![](/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/gammelt_og_ungt.jpg)
Alle menneskjer har rettighetar og pliktar, men ikkje alle er til ein kvar tid i stand til å ivareta sine eigne interesser (frå Verjemålutvalet si utgreiing)
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ny verjemålslov trer i kraft 1. juli 2013 og er eit resultat av ei omfattande reform. Formålet med lova er å auke rettstryggleiken, rettslikskapen og kvaliteten i verjemålsforvaltinga. Lova er i samsvar med reglane i FN sin konvensjon om rettskrava til menneskjer med nedsett funksjonsevne.
Etter omlegginga skal Fylkesmannen ha ansvar for verjemålsoppgåvene i fylket. Fylkesmannen i Rogaland skal sørgje for at personar busette i Rogaland, som av ulike grunnar ikkje sjølv kan ivareta eigne økonomiske eller personlege interesser, får hjelp til dette gjennom individtilpassa verjemål og bistand frå oppnemnd verje.
Til arbeidet med å gjennomføre verjemålsreforma i Rogaland er Fylkesmannen nå i gang med å tilsette nye medarbeidarar og utnemne fleire faste verjer.
Arbeidet med verjemål skal skje med respekt for den enkelte persons integritet, verdigheit og sjølvråderett. Ikkje lenger verjetrengande, men verjeverdig.
Meir informasjon om verjemålsreforma kan du finne på www.vergemaal.no
Aktuelt
Fylkesmannen vil frå 1. juli 2013 overta oppgåvene som lokal verjemålsmyndigheit.
Statens sivilrettsforvaltning på Hamar blir mottakar av klager på Fylkesmannen sine vedtak etter vergemålslova. I tillegg skal dei føre tilsyn med Fylkesmannen sine oppgåver.