Mange verjer bør byte bank
Danske bank har varsla at dei frå 1. mai 2014 set renta ned til 2, 6 prosent. Vi oppmodar derfor verjene å byte bank til ein bank med betre rente. Det gjeld dei som er verje for personar med midlar plassert i Danske Bank eller ein annan bank med låg rente.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ved inngangen til verjemålsreforma den 1. juli 2013 gav Danske bank den høgaste renta på kapitalkonto på 3,4 prosent og blei derfor vald som bank av mange verjer. Dersom verjene ikkje valde ein bestemt bank, blei Danske bank valt av Fylkesmannen.
Verjene kan velje bank og plasseringsalternativ for midlar som er under forvaltning av Fylkesmannen, jf. forskrift til verjemålslova § 25. Det beste rådet vi kan gi, er å velje den banken som tilbyr den beste renta. På produkt 1 «flytande rente utan bindingstid» er det no Bank 1 Oslo Akershus AS som tilbyr den beste renta med 3,35 prosent. Det er mogeleg å opprette fleire kapitalkontoar. Dette er særleg viktig for dei som har store formuer. Som ein kapitalkonto nummer to er det no spesielt aktuelt å velje produkt 2 hos Sparebanken 1 SMN med 3,65 prosent rente. Dette produktet har ein meldefrist på 31 kalenderdagar, noko som betyr at uttak må meldast seinast 31 dagar før midlane skal vere tilgjengelege.
Skjema skal sendast til Fylkesmannen, postboks 59, 4001 Savanger
For meir informasjon om endringar i rentevilkår for kapitalkonto under verjemålsordninga, sjå aktuell artikkel om endringar i rentebetingelser på www.vergemal.no.