Korleis kome i kontakt med Fylkesmannen i saker som gjeld verjemål?

Fylkesmannen er frå 1. juli førsteinstans i saker som gjeld verjemål. Vi vil gjere det vi kan for å gi nødvendig hjelp, støtte og rettleiing til verjer og personar med verje.Telefontida er frå kl. 12.00 - 14.00.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2013

Kontakt med verjemålseininga pr. telefon: 

At vi er tilgjengelege, inneber at du får snakke med ein av oss som jobbar på verjemålseininga. Dersom du ønskjer å snakke med ein bestemt saksbehandlar som då er oppteken, vil vi sørgje for at han eller ho ringjer deg opp igjen.

Telefontida til verjemålseiniga: 

Kontoret si telefontid er frå kl 12 00– 14 00. I denne perioden skal du normalt alltid kunne få treffe ein av oss for ein kort samtale og for å avtale eit nytt møte. Dersom du ønskjer ei litt lengere samtale, bør du avtale tid på førehand. Det same gjeld dersom du ønskjer å snakke med ein bestemt saksbehandlar.

Kontakt med verjemålseininga pr. e-post/brev:

Vi vil svare på brev og e-post så fort vi har høve til det.

Postadresse:          Fylkesmannen i Rogaland, Vergemål,
                             postboks 59, 4001 Stavanger

E-postadresse:        fmropost@fylkesmannen.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.