Tilskot til aktivitetstiltak for å motverke einsemd
- Søknadsfrist:
- 31. mars 2021 23:59
- Målgruppe:
- Eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, frivillige og ideelle organisasjonar (irekna stiftelsar)
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2022 23:59
Statsforvaltaren i Rogaland har fått kr 5.000.000 til fordeling til tiltak som raskt legg til rette for meir aktivitet hjå eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad. Søknadsfristen er sett til 31.mars 2021.
Føremålet er å motverke einsemd og passivitet og å skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplassar.
Kven kan få tilskot?
- Kommunar
- Fylkeskommunen
- Interkommunale selskap
- Frivillige og ideelle organisasjonar/stiftingar
De kan òg søkje i samarbeid med private tenestetilbydarar. Dersom fleire skal samarbeide, er det ein som skal søkje på vegner av samarbeidspartnarane. For stiftingar og organisasjonar skal det gå fram av vedtekter eller grunnlagsdokument at verksemda ivareteke eit ideelt, ikkje-kommersielt føremål.
Søknaden
Søknaden skal vera poengtert og relativt kortfatta. Det skal koma fram kva som er målet med tiltaket, skildring av tiltaket og oversikt på utgifter. Bruk søknadsskjema som ligg i kolonne til høgre.
Les regelverket nøye før de skriv søknaden
Informasjon om tildelingskriterium, krav til rapportering og rapporteringsfristar, om måloppnåing, budsjett og rekneskap er gjort greie for i regelverket.
Søknad skal sendast til: sfropost@statsforvalteren.no
- Søknadsfrist:
- 31. mars 2021 23:59
- Målgruppe:
- Eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, frivillige og ideelle organisasjonar (irekna stiftelsar)
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2022 23:59
Kontaktpersonar
-
Bjørg Odland
Tlf: 51 56 88 74