Auka trusselnivå for fugleinfluensa
Det er påvist fugleinfluensa i Finland, Russland, Danmark og Sverige. Risikoen for smitte til Norge er rekna som låg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Veterinærinstituttet (VI) vurderer risikosituasjonen i Norge kontinuerleg. Etter at sjukdommen blei påvist også i Finland, vurderer VI at risikoen for smitte til fuglar i Norge må hevast frå svært låg til låg.
Område med låg risiko for smitte
I risikoområda skal fjørfe og andre fuglar som er haldne i fangenskap ikkje kunna koma i direkte kontakt med potensielt smittefarlege ville fuglar. I tillegg er det forbode med ansamlingar av dyr, som for eksempel fugleutstillingar. Fuglar frå risikoområde kan heller ikkje delta på utstillingar utanfor risikoområdet.
Område med låg risiko: Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Vestfold, Østfold, Buskerud, Telemark, Aust- og Vest Agder og Rogaland. Lista kan bli utvida viss situasjonen endrar seg.
Portforbodforskrifta gjeld nå
For å beskytta norsk fjørfe aktiverer altså Mattilsynet «portforbudforskrifta» for fjørfe, inkludert hobbyfjørfe. Forskrifta har følgjande krav for områda med risiko for smitte:
- Fjørfe oppheld seg utandørs, skal haldast slik at dei ikkje kan koma i direkte kontakt med ville fuglar; portforbod.
- Det er forbode med ansamlingar av fjørfe, som for eksempel utstillingar, i risikoområde.
- Det er registreringsplikt for hald av fjørfe i risikoområde.
Smittar ikkje til folk
Mattilsynet melder at det ikkje er registrert smitte til menneske. Tiltaka blir innførte for å redusera risikoen for at fjørfe og andre fuglar i fangenskap skal bli smitta. Men i tillegg minner Mattilsynet om at det i heile landet er:
- Utvida meldeplikt til Mattilsynet ved sjukdom eller auka dødelegheit hos fjørfe.
- Krav om at fôr og vatn til fjørfe ikkje skal koma i kontakt med villfugl.
Fylkesmannen i Rogaland har varsla kommunane i fylket om situasjonen.
Kontaktpersonar
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31