Planendring etter forenkla prosess - krav om høyring
Fylkesmannen har stilt krav om at statlege og regionale myndigheiter skal ha høve til å uttala seg i saker om endring av reguleringsplan etter pbl. § 12-14 der endringa legg til rette for fortetting/økt utnytting i etablerte bustadområde.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen ser det slik at det kan vere av interesse for alle kommunane i Rogaland å vere kjent med denne praksisen. Vi sender derfor ut ei orientering om desse sakene.
Fylkesmannen har lagt til grunn at statlege og regionale myndigheiter i mange tilfelle vil vere "berørte" etter pbl. § 12-14 i saker som legg til rette for fortetting/økt utnytting i etablerte bustadområde og at kommunen derfor må sende slike saker på høyring til nemnde myndigheiter.
Fylkesmannen sitt utgangspunkt er at det er dei statlege og regionale myndigheiter som er nærast til å vurdere om ei konkret sak kan ha følgjer for dei interessene dei er satt til å ivareta. Fylkesmannen legg derfor til at vi har vært i kontakt med relevante myndigheiter og desse har gitt uttrykk for at dei vil ha saker som gjeld fortetting/økt utnytting i etablerte bustadområde på høyring.
Fylkesmannen understrekar at det som er sagt ovanfor ikkje inneber at alle saker som gjeld endring av plan etter reglane i § 12-14 andre og tredje avsnitt skal sendast på høyring til regionale og statlege myndigheiter. Det må vere grunnlag for å seie at sakene har følgjer for/vedkjem dei interessene som dei aktuelle myndigheiter skal ivareta. Den nærare grensedraginga må fastsetjast gjennom dialog mellom kommunen og aktuelle myndigheiter.
De kan lese brevet vårt ved å klikke på lenka i høgremargen.