Kumlokket. Ordføraren. Fylkesmannen.

Forvirra? Ikkje så rart. For kva er grunnen til at Gjesdal-ordførar Frode Fjeldsbø kom til Statens Hus for å overrekkja Fylkesmannen eit kumlokk i dag? Her er forklaringa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.06.2016

– Bakgrunnen er ei synfaring i Gjesdal for nokre år sidan. Då oppdaga eg dette lokale kumlokket dei har fått laga. Eg fall pladask, det er det finaste kumlokket i landet, seier ein oppglødd fylkesmiljøvernsjef, May Britt Jensen, hos Fylkesmannen i Rogaland.

Komplisert sak

Synfaringa var i samband med ei plansak som viste seg å vera vrien. Kommunen lova at dersom samarbeidet med Fylkesmannen enda med ein godkjent plan, skulle kommunen gi eit kumlokk i gåve. Det blei vel ikkje oppfatta heilt bokstaveleg, men Gjesdal står for det dei lovar. 

Tida gjekk

Samarbeidet var godt - og er godt. Motsegner blei løyste og planen vedtatt. Tida gjekk. Men kor blei det av kumlokket? Under Fylkesmannen sitt kommunebesøk i Gjesdal 25. februar, blei det mimra rundt kumlokk-lovnaden. Var han gløymt? Nei, slett ikkje. I dag kom Gjesdal-ordførar Frode Fjeldsbø med kumlokket personleg. Slett ikkje verst!

Korfor edderkopp?

Som du kanskje ser på biletet under, er motivet ein edderkopp, nærare bestemt ei vevkjerring – med klar referanse til tekstilindustrien som prega Ålgård, kommunesenteret i Gjesdal, frå slutten av 1800-talet.

Tusen takk!

Gjesdal sin lokale variant av kumlokk har klar referanse til tekstilindustrien på Ålgård, symbolisert med ei vevkjerring.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.