Høyringsuttale: Endringar i plan- og bygningslova

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har hatt på høyring forslag til endringar i plan- og bygningslova. Fylkesmannen i Rogaland meiner at departementet bare har delvis lukkast i oppnå måla med lovendringane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.11.2015

Føremålet med endringane er å sikra meir effektive planprosessar og gjera det enklare å endra og oppheva planar - og forenkla dispensasjonsreglane.

Risikerer å svekkja kommunen

Lovforslaget for § 12-8 om sterkare formalisering av oppstartsfasen av planprosessen, meiner Fylkesmannen kjem til å komplisera planbehandlinga, gi for høg grad av detaljstyring av oppstartsfasen, og svekkja kommunen som planstyresmakt.

Det same gjeld lovforslaget for § 12-11 for korleis private reguleringsplanforslag blir lagt ut på høyring. Her finn Fylkesmannen det viktig at kommunane må ha høve til å endra dei private planforslaga direkte, og at kommunane ikkje blir pålagde å leggja private planforslag ut på høyring som kommunane ikkje er samde i. Kommunane bør ha heimel til å avvisa konfliktfulle planforslag alt i første runde av planprosessen, og ikkje venta til sluttbehandlinga. Endring av § 12-11 svekkjer kommunen som planstyresmakt, og  kompliserer planbehandlinga ved offentlig ettersyn.

Blir enklare å oppheva forelda planar

Fylkesmannen er samd med departementet i loveendringsforslaget på § 12-14 som sikrar enklare planbehandling av mindre planendringar og at det skal bli enklare å oppheva forelda reguleringsplanar. Kommunane må ha høve til å gjennomføra mindre planendringar og justeringar av gjeldande planar på ein enklare og meir smidig måte enn i dag.

Fylkesmannen meiner at endringane av dispensasjonsføresegna i § 19-1 vil gjera at mange dispensasjonssøknadar som kjem i konflikt med viktig verdiar og interesser, ikkje blir sende på høyring til nasjonale- og regionale styresmakter, og at det vil oppstå ein uklar praksis på kva saker som vil bli lagde ut på høyring. Konsekvensen av dette kan bli dispensasjonar i saker som er konfliktfulle i forhold til nasjonal arealpolitikk og regionale interesser.

Positiv til meir fleksibel dispensasjonsføresegn

Fylkesmannen er utgangspunktet positiv til at dispensasjonsføresegna blir gjort meir fleksibel, slik at ho i større grad skil mellom mindre saker, til dømes byggesaker, der det kommunale sjølvstyret bør ha stor vekt, og større saker der nasjonale og regionale interesser kan gjera seg gjeldande. Men Fylkesmannen saknar ein klarare vurderingsnorm som understreker at det må liggja føre ei klar interesseovervekt, og at dispensasjon ikkje skal vera kurant, jf. ordlyden i dagens føresegn. Me føreslår derfor at andre punkt får slik ordlyd:

Det kan også gis dispensasjon hvis kommunen finner at de samfunnsmessige fordelene er klart større enn ulempene.

Heile uttalen  til Fylkesmannen i Rogaland finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.