Uttale til planprogram kommuneplan Sandnes og Sandnes aust
Fylkesmannen meiner planprogrammet har med dei sentrale tema for revisjon av kommuneplan for Sandnes 2015-2030. Vi støttar grepet med eigen kommunedelplan for den viktige regionale planlegginga av Sandnes aust.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.01.2013
Fylkesmannen har gitt uttale til varsel om planoppstart og høyring på planprogram for kommuneplan Sandnes 2015 - 2030. Fylkesmannen har og gitt uttale til planprogram for kommunedelplan Sandnes aust.
Oppsummering av innspel og merkander frå Fylkesmannen på kommuneplan Sandnes
- Omfang av revisjonen bør avgrensast. Dette gir ein mindre ressurskrevjande planprosess og bidrar til fokus på dei viktigaste utfordringane.
- Sandnes kommune er tildelt ei regional rolle for byveksten på Jæren. Område ved eksisterande og planlagde kollektivaksar må bli tydeleg prioritert for utbygging. Fylkesmannen saknar ein tydelegare omtale av dette i planprogrammet.
- Utbygging i Sandnes aust må prioriterast før Bybåndet sør. Dale og Gramstad er «Sandnes Nord», og ikkje ein del av langsiktig utviklingsretning Sandnes aust.
- Fylkesmannen ber Sandnes kommune greie ut kva moglegheiter ei gjenopning av Ålgårdbanen vil kunne gi for kommunen, både på kort og lang sikt.
- Kommunen bør behalde gjeldande kommuneplan for strandsona.
- Fylkesmannen støttar regulering av Bærheim til bustad parallelt med kommuneplanprosessen.
- Utbygging i sentrumsområdet i Sandnes er utfordrande, med tanke på både grunnforhold, havnivåstigning og overvasshandtering. Sentrale delar av dagens bygningsmasse i Sandnes sentrum er plassert på utfylte massar og i område med lite stabil byggegrunn. ROS-analysen må greie ut desse utfordringane.
Oppsummering av innspel og merkander frå Fylkesmannen på kommunedelplan Sandnes aust
- Planprogrammet er oversiktleg og har med dei sentrale tema for ein kommunedelplan Sandnes aust.
- Fylkesmannen vil særleg understreke behovet for ei urban, berekraftig og arealeffektiv byutvikling, der utbygging av eit høgverdig kollektivtilbod er ein føresetnad for realisering av Sandnes aust.
- Fylkesmannen meinar eit banebasert kollektivtilbod gir størst moglegheit for å realisere ei utbygging i tråd med nasjonal arealpolitikk, og som best oppfyller resultatmåla i Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren (Regionalplan Jæren)