Statsforvaltaren har gitt uttale til planprogram frå Vindafjord kommune
Vindafjord kommune er i gong med revidering av både arealdel og samfunnsdel, og har hatt forslag til planprogram ute på høyring. Forslag til planprogram er eit oversikteleg og strukturert dokument, med gode koplingar opp mot åtte av FN sine berekraftsmål.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Planprogrammet tar føre seg følgjande satsingsområde:
- Berekraftig kommune,
- Attraktive lokalsamfunn,
- Framtidsretta tenester
Innanfor desse satsingsområda skal det arbeidast med blant anna arealeffektivitet, klimaendringar, bruk og vern av strandsone, samfunnstryggleik, bu-attraktivitet, kompetanse, kvalitet i tenestetilboda, integrering og involvering med meir.
Her er noko av det Statsforvaltaren har uttalt seg om ut frå dei ansvarsområda me er sett til å ivareta:
Samfunnstryggleik
Statsforvaltaren rår kommunen til å sjå nærare på fleire tema i heilskapleg Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), som bølgehøgd, sonar som er særskilt risikofylte å bygge i med tanke på klimaendring og naturpåkjenning, trafikkulukker, pandemi og flaum.
Klima
Vindafjord kommune må vise korleis dei vil løyse det nasjonale kravet til klima- og energiplan som er gitt gjennom rikspolitiske retningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing (SPRklima), samt måla satt i Klimakur 2030. Statsforvaltaren har vist til fleire verktøy som kommunen kan bruke i arbeidet med klima.
Folkehelse
Statsforvaltaren rår til at det i det vidare arbeidet med planprogram vert lagt til grunn ei meir heilskapleg og samla oversikt over kommunen sine utfordringar i høve til folkehelse. Dei viktigaste folkehelseutfordringane må identifiserast, og det må vurderast om det er naudsynt med grundigare undersøkingar for å finna ut meir om omfang og kva faktorar som har påverknad på utfordringane.
Utdanning
Kommunen har fleire skular som over tid har hatt utfordringar med læringsmiljø og læringsresultat, og kompetanse og kvalitet er forutsetningar for å betre dette. Statsforvaltaren rår kommunen om å ha med målsettingar og strategiar for dette i kommuneplanen
Arealstrategi
Kommunen vil satse på attraktive lokalsamfunn, og Statsforvaltaren har her vist til at kommunen bør sjå overordna på arealet som er sett av til bustadbygging i dag. Vidare er landbruket ein viktig verdiskapar i kommunen, og Statsforvaltaren roser kommunen for ynskje om å trekke opp langsiktig grense landbruk rundt Sandeid og Skjold. Me rår kommunen til å utarbeide gode føresetnader som skapar klare forventningar for ynskje om spreidd bustadbygging. Avslutningsvis er det positivt at kommunen tar inn bruk og vern av sjøområde og strandsona som eit tema som skal stå sentralt i det vidare arbeidet med kommuneplanen.
Heile uttalen kan lesast i linken til høgre for denne teksten.