Regionale føringar for parkeringsdekning er viktige for å nå nullvekstmålet
Kommunal- og distriktsdepartementet har gjort endelege vedtak av kommuneplanen sin arealdel for Sola kommune og interkommunal kommunedelplan for Forus. Planane vart sendt til endeleg avgjerd hos departementet då mekling om parkeringsføresegnene ikkje førte fram lokalt.
Departementet tek motsegnene til interkommunal kommunedelplan for Forus til følgje, og motsegnene til kommuneplan for Sola delvis til følgje. Det inneber at Forus og dei sentrale delane av Sola kommune skal følgje regional parkeringsnorm, jf. Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke. For dei sørlegaste delane av Sola kommune, kor kollektivtilbodet er avgrensa, gjeld regional parkeringsnorm som eit fagleg råd.
Statsforvaltaren i Rogaland har vore opptatt av at kommunane må følgje opp den regionale parkeringsnorma for å nå nullvekstmålet for regionen. Nullvekstmålet inneber at vekst i persontransport skal takast med kollektivtransport, sykkel og gonge for å redusera klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy. Restriktiv parkeringsdekning, rett arealbruk og bompengar er viktig verkemiddel for å nå nullvekstmålet. I tillegg til omsyna bak nullvekstmålet er det og viktig å kanalisere persontransporten til kollektivtransport, sykkel og gonge for å nytte kapasiteten på den regionale og lokale infrastrukturen på best mogleg måte.
Departementet har i sine vurderingar lagt avgjerande vekt på at dei overordna planane bør ha ei parkeringsdekning som gjer det mogeleg å nå nullvekstmålet. Nullvekstmålet er forankra i dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanegging. Byvekstavtalane er regjeringa sitt viktigaste verkemiddel for å nå nullvekstmålet, og både staten og dei lokale partane i byvekstavtalen har forplikta seg til tiltak for å nå nullvekstmålet.
Vedtaka og grunngjevinga kan lesast i dei vedlagte vedtaka.