Foreslår løysing for lang tunnel
Fylkesmannen rår Kommunal- og moderniseringsdepartementet til å finna ei løysing i lag med Samferdselsdepartementet som kan sikra lang tunnel mellom Tysdalstranda og Årdal på riksveg 13.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er dette alternativet Rogaland fylkeskommune og kommunane Strand og Hjelmeland ønskjer (alternativ 2b). Statens vegvesen har tilrådd kort tunnel (alternativ 4). I høyringa gjekk også Fylkesmannen inn for dette siste alternativet, fordi det kan koma raskare på plass - og fullfinansierast som rassikringsprosjekt.
Mekling førte ikkje fram
Planen var til mekling hos Fylkesmannen 29. januar i år. Der blei det konkludert slik:
Statens vegvesen held fast på si motsegn til planen, medan Hjelmeland og Strand kommunar og Rogaland fylkeskommune held fast på planalternativ 2b. Planen blir sendt over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg behandling.
Partane vart samde om følgjande:
Utgreiinga viser at hovudalternativ 2 kjem best ut på prissette konsekvensar, og at alternativ 2b er best når prissette og ikkje-prissette konsekvensar blir vurdert samla. Alternativ 2b er vesentleg meir kostbart enn alternativ 4, og kan ikkje fullfinansierast som eit ras-sikringsprosjekt. Ved vedtak av alternativ 2b er det ein fare for at det vil ta lengre tid før prosjektet kan bli realisert. Realisering av planalternativ 2b vil krevje finansiering ut over ras-sikringsmidlar.
Finansiering det springande punktet
Fylkesmannen har forståing for begge partar sin ståstad og argumentasjon i denne plansaka. I valet av alternativ er finansiering det sentrale spørsmålet. Prioritert alternativ 2b i kommunane vil ikkje la seg fullfinansiera gjennom ras-sikringsmidlar. Derimot er alternativ 2b eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt. Ved å velja lang tunnel-løysinga blir finansiering og gjennomføring meir usikker. Det føreset at prosjektet blir prioritert inn i Nasjonal Transportplan.
Råd til departementet
Vårt råd til Kommunal- og moderniseringsdepartementet er å finna ei løysing i samarbeid med Samferdselsdepartementet om finansiering og rask gjennomføring av den samfunnsøkonomisk beste løysinga. Som det går fram av protokollen frå meklingsmøtet, veit kommunane og fylkeskommunen at det kan ta lengre tid å realisera 2b, fordi dette alternativet føreset midlar utover det som er sett av til rassikring. Avgjerande for vårt råd er dei samstemte lokalpolitiske og regionale vedtaka i favør av alternativ 2b. Alternativ 2b er eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt, som kan få prioritet i Nasjonal Transportplan. Viss det skjer slik at sikring mot ras kan gjennomførast rimeleg raskt, er dette det beste alternativet.
Brevet vårt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet ligg i høgremargen