Etablering av møbelforretningar på Håland vil vesentleg tilsidesette omsyna bak den regionale planføresegna om lokalisering av handel

Statsforvaltaren i Rogaland klagar på fylkesutvalet sitt vedtak om å gi samtykke til å fråvike regional planføresegn for å etablere forretning for detaljvarehandel på gnr./bnr. 4/200 i Myrvegen 5 på Håland i Time kommune. Etableringa er i strid med Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke, gjeldande kommuneplan for Time kommune og reguleringsplanen for eigedomen, og i konflikt med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging.

Publisert 14.05.2024

Å fråvike den regionale planføresegna i denne saka, vil vesentleg tilsidesette omsyna bak føresegner i både regionalplan, kommuneplan og gjeldande reguleringsplan.

Tiltaket vil bidra til handelslekkasje frå Bryne sentrum til Håland, auka arealpress, auka personbiltransport og auka klimagassutslepp. Å fråvike den regionale planføresegna i denne saka er svært uheldig, då det over lang tid har vore press på handelsetableringar på Håland, og spørsmålet om etablering av handel med ikkje plasskrevjande varer på Håland er vidare avgjort av KMD for berre 3,5 år sidan.

Vidare skal den regionale planføresegna bidra til eit samordna, felles regelverk for handelsetableringar som gir like vilkår i alle kommunane. Det er derfor svært uheldig om ein kommune gir unntak frå reglane.

Statsforvaltaren har etter dette fremma klage på fylkesutvalet sitt vedtak om å gi samtykke i saka for å ta i vare dei nasjonale og regionale omsyna knytt til effektiv arealbruk, senterstruktur, redusert transportarbeid og reduserte klimagassutslepp.

Sjå klagen i dokumentlenka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.